Langevåg IL har et samarbeidsprosjekt med Volda HK der tanken er at Volda skal bidra med sin kompetanse i utvikling av trenarar, treningskultur og handballfilosofi. Kristin  har vist seg frem som en lovande spelar i årets U20 serie og Voldatrener Halldor Stefan Haraldsson har latt seg imponere av den unge Ålesundsjenta. Ho er eit god eksempel på at samarbeidet mellom klubbane allereie byrjar “å bære frukter”.

- Kristin er en spennande spelar, sterk i duellspelet og har eit bra fysisk grunnlag til å utvikle seg endå meir. Eg føler at ho har utvikla seg godt i år sjølv med dei pandemi-restriksjonane vi alle har hatt. Ho er ambisiøs, treningsvillig og har lyst til å satse endå meir på handball, og passar derfor godt inn i vår plan. Kristin blir ein del av treningsstallen til 1.divisjon neste sesong samtidig som at ho vil ha kamparena i Volda sitt rekruttlag. Så er det opp til henne sjølv å ta stega og kjempe om plass i 1. divisjonstroppen, seier Voldatrenar Halldor Stefan Haraldsson.

 

Samarbeid mellom Volda og Langevåg

Langevåg IL har teke nye grep for å styrke sin posisjon som ein ambisiøs og hardtsatsande klubb på Sunnmøre. Tilsettinga av ekteparet Terje Løvmo og Elin Sætre Løvmo som trenarar for damelag, J20 og J16 er sjølvsagt ein viktig faktor. Elin spelte to sesongar i Volda HK med Halldor som trenar og fekk med det oppleve kva som krevst for å utvikle spelarar og lag i moderne handball. Det var derfor naturleg for ekteparet og Langevåg IL å søke samarbeid med Halldor og Volda HK. Trass i restriksjonar som følge av korona-pandemien har klubbene jobba tett saman sidan mars i år. Sjølv om samarbeidet berre er i startgropa, ser begge klubbane allereie den gjensidige nytta.  

Terje Løvmo: - Eg synes det er veldig spennande å sjå at måten vi samarbeider med Volda fungerar. Det faktum at vi allereie i år får sende ein spelar oppover i samarbeidet gjer at framtida for prosjektet ser lyst ut. Overgangen for spelarar som Kristin, og eventuelt andre talent i fremtida frå Langevåg til Volda blir endå lettere sidan klubbane i stor grad jobbar etter same filosofi i trening og spel. Dette kan gjere steget frå breidde til topp lettare for unge «talent». Vi har fått eit enormt løft i treningskvardagen til jentene der klubb og alle rundt laget er innstilt på eit felles løft der vi bygger stein på stein. Vi er utroleg glade for at Kristin får kome seg vidare og utvikle seg under Halldór og mulighetane dette samarbeidet med Volda gjev. Spelarar med ambisjonar i Sula og omegn har lenge mangla ein klubb å strekke seg etter og ha ei direkte tilknytning til høygare opp i systemet. Dette har vi no på plass med samarbeidet samtidig som vi får utvikla eigen klubb og spelarare. Vi ønsker Kristin lukke til etter sesongen og skal følge spent med," avsluttar Terje Løvmo. 

 

Publisert 20. desember 2020