Alle lag skal ha ansvarleg person over 18 år til stades under heile treninga i hallen. Vedkomande som er ansvarleg skal vere kjent med gjeldande instruks for bruk av hallen, spesielt viktig at ein kjenner instruks for brann og rømming.

Volda Handballklubb har mest bane 1. Dette er ei klisterbane. Bane 1 kan delast i 2 og 3 baner; 1.1, 1.2 og 1.3. I tillegg brukar vi også bane 2, som også kan delast som bane 1. Bane 2 er ei klisterfri bane, og skal brukast til volleyball, handball utan klisterbruk og anna utleige. På terminlistene heiter dei A og B.

Klister

Eldste laga som brukar klister, skal alltid gjennom rommet for klisterfjerning. No er dette ikkje oppe å går endå, fordi vi startar treningane i hallen før alt er ferdig. Vi har ansvar for at vi fjernar klisteret av fingrane før vi går inn i garderobane eller andre stadar. Sjølv om maskinane ikkje er på plass, ber vi om at de lagar ein «klisterfjerning-stasjon» inne på dette rommet.

Volda Handballklubb disponerer fleire lager i hallen.

  • Lager 163

  • Lager 176

  • Lager 186

  • Alle lager skal sjekkast for personar og låsast når du er ferdig å bruke dei.

  • 163 og 176 er på bane 1 og 186 på bane 2. Det vil etter kvart lagast hyller, knaggar, ulike oppheng, traller mm og det vert laga retningslinjer for kva det enkelte lageret skal romme. Alle laga ryddar etter seg, og får alt på plass på lagera.

    Tilgang til speleflate/bruk av garderobe
  • Tilgang til speleflater skjer gjennom garderobane. Det er ikkje tillate med ballspel i oppvarmingsgangane.
    Garderobane er låst og det er trenar/oppmann som syter for at desse vert opna for spelarane på eige lag

  • Alle som skal inn på speleflatene må ha på inne-sko med eigna sole.

  • I hjørna på speleflata er der opning, dette grunna rømmingsveg. Desse er stengt med sperreband.

    Spelarar som kjem for seint skal også slusast gjennom garderobane, ingen skal kome inn i hallen

    gjennom opningane i hjørna.

  • Trenar/oppmann bør vere tilgjengeleg i hallen seinast 10 minutt før trening. Ein møter laget sitt i

    resepsjonen/vestibyla og opnar garderoben 5 minutt før treningstida startar slik at alle kan vere

    ferdig skifta når treningstida startar.

     

    Korona tiltak

  • Same reglar gjeld her som i Voldahallen.

  • Hallen er låst og det er oppmann/annan forelder og trenar som er ansvarleg for å låse inn/ut laget sitt. Det vil seie at ein må ha kontroll på kven som kjem inn i hallen, samt at alle har kome seg ut før ein sjølv går.

     

  • På trening, får ikkje born ha med foreldre eller andre i hallen utan særskilde grunnar. Forbodet med folk på tribuna, gjeld også for vaksne. Ingen uvedkomande skal inn.

  • Alle skal møte i vestibylen og gå i samla tropp til garderoben for skifte av sko og henge av yttertøy. No i starten brukar handballen Garderobe 1, 2, 3 og 4.

  • Alle skal sprite hendene når ein kjem inn i vestibylen og før ein går inn i hallen og speleflata, og ein spritar hendene før ein går ut av hallen.

  • Vi venter i garderoben til hallen er ledig. Vi sluttar 5 minutt før treningstids slutt. Denne tida skal brukast til å få alle ut av bana før neste gruppe har trening.

  • Kvart lag har ansvar for å kunne gjere greie for namn og telefonnummer på dei som har vore i hallen når laget trenar (inkludert foreldre som har vore med på registreringa og om der er forelder som må vere med borna på trening). Dette fordi ein skal kunne gi informasjon vidare til smittesporingsteamet om det vert aktuelt.

Trenarar skal ikkje vere åleine i garderobane med ungane når spelarar skiftar og dusjar (Ingen dusjar i corona-tida.)

  • Garderobane skal vere låst når laget trenar.

  • Dersom spelarane har med verdisaker bør dei oppfordrast til å bruke skapa som kan låsast med

    eige hengelås. Skapa finn de i garderobegangen.

  • Aktivitetssalane skal ikkje nyttast til trening med ball.

     

    Bruk av utstyr

    Utstyr er dyrt. Det er viktig at vi bygger ein kultur der både trenarar og spelarar tek ansvar for det vi eig.

  • Måla heng i gangen bak tribunene. Desse må slåast ut og festast før bruk. Siste gruppa for kvelden eller på bana, må demonter og henge oppatt måla etter bruk. (Opphenga er ikkje på plass endå.)

  • Minihandballmåla skal stå på traller som ein køyre ut. Kva lager dei skal plasserast på, er ikkje bestemt endå. Dei må festast med sandsekkar.

  • Ved bruk av nedsenka terrliggar, skal dei demonterast og hengast på plass etter bruk.

  • Sjekk heile speleflata for ballar når de avsluttar treninga. Sjekk også opningane i hjørna til

    garderobegangen og bak tribunene.

  • Sjekk om alle lok er lagt på plass på bana når ein tek bort måla.

  • Alle ballar skal låsast inn i lageret vårt når treninga er omme.

  • Fleire trenarar i hallen samstundes? Avklar kven som låser lageret slik at ein er sikre på at det vert

    gjort.

  • Utstyr som vestar, kjegler, rokkeringar +++ skal sjølvsagt også tilbake på merka plass.

  • Vurder om dei eldste spelarane kan bytte på å vere ansvarlege med enkelte av

    oppryddingsoppgåvene.

  • NB! Det er berre “sugekoppar” som skal nyttast til å opne hola der feste av handballmåla er. Kniv

    eller andre gjenstandar er strengt forbode!

  • Om utstyr er øydelagt meld i frå til leiar om dette.

     

    Tilgang til hall utanom treningstid

    I Volda campus Sparebank1 arena er det som i Voldahallen, rom for at ein kan bruke ledig halltid på banene (og i gymsalane) til ekstra trening. Klistertrening berre på bane 1.

  • Føresetnaden for slik aktivitet er at den er trenarstyrt og at den er bestilt på førehand.

  • All aktivitet i hallen skal vise igjen i aktivitetskalenderen og ein må kontakte dagleg leiar Rune

Aarflot på e-post (rune@voldacampus.no) dersom ein ynskjer å booke ledig tid.

  • Trenarar kan ikkje låne vekk nøkkelen til andre.

  • Det er ikkje lov å vere utan trenar/vaksen i hallen.

  • Fint om alle tek omsyn til kvarandre i form av å ikkje booke meir tid enn ein brukar, samt at ein

    fortrinnsvis bookar enkeltbaner og ikkje storbane.

     

    Tips

    Ha god dialog med hallvertane. Saman kan vi gjere hallen til ein positiv arena for alle som skal bruke den.

    Minn spelarane dine om at hallen er noko vi eig i fellesskap. Søppel skal i bossbøttene og ballar skal berre brukast på speleflater.

    Det er mogleg å spele musikk i hallen. Lyden er veldig god, men det stiller også krav til kvar einskild trenar om å ta omsyn til dei andre i hallen. Juster volumet så alle har det kjekt.

     

    Trening i spinning – og styrkesal

    Det er berre 1. div og rekrutt som for tida får bruke desse. Kva tid vi får opne opp for andre er uvisst.

 

Publisert 3. januar 2021