Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson er godt nøgd med signeringa: - Madelen er ein spelar vi fulgt med på lenge. Ho var ein viktig spelar i IL Valder sitt gode 2003-kull som imponerte mange i fjorårets nasjonale Bringserie. I år har Madelen storspelt i 20-årsserien for Godøy med 56 mål på åtte kamper. Ho er framleis ung (fyller 18 år i juni), men allereie ein spennande spelar med mange ferdigheiter. Ho er nok fyrst og fremst ein lovande midtback ved at ho har god speleforståing, og er sterk i duellspelet. At ho i tillegg har eit godt skòt frå distanse gjev henne mange muligheiter. Ho har gått ein god skule hos trenar Jan Sten Husøy i Valder og Godøy. Her har ho vore del av eit spennande miljø som har utvikla fleire lovande spelarar. Vi håper og trur ho kan bli ei viktig brikke i framtidas Voldalag,” seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson.

 

 

 

Godøy-trenar Jan Sten Husøy har stor tru på at Madelen vil lukkast i Volda: - Madelen har vore ein del av det spennande 2003-kullet til IL Valder (no Godøy IL) som eg har hatt gleda av å trene. Dette var ei treningsgruppe som har vore ein god utviklingsarena. Madelen har også vært fast inventar på fylkessamlingar, regionale landslagssamlingar og representert Bylaget til Region Nord (Trondheim).

Den største styrken til Madelen i dag er speleforståinga, temposkiftet, duellspelet og ikkje minst eit godt og variert skòtregister. Madelen har ei innstilling og treningsvilje som gjer at ho har gode føresetnader for å lukkast i Volda Handball, og eg er glad for at ho denne klubben. I Volda kjem ho inn i en prestasjonsgruppe med ein trenerkapasitet i Halldór Stefán Haraldsson som kan utvikle henne ytterligare som spelar. Eg gler meg til å følgje utviklinga, og eg er heilt sikker på at Madelen vil overraske mange i åra framover,” avsluttar Godøy-trenar Jan Sten Husøy.

 

For meir info, kontakt:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229

 

Publisert 8. januar 2021