- Det er alltid spennande å spele fyrste kamp etter pause, og det at vi møter Nordstrand gjer det ekstra kjekt for oss. Då vi møtte dei i serieopninga blei det ein relativt jamn kamp der vi hadde kontrollen heilt frå starten, men leiinga vår kunne fort ha blitt snudd opp ned løpet i andre omgangen. Nordstrand er eit lag som har vist at dei krigar i alle kampar for å ta poeng. Dei har ei sterk backrekke med 4-5 backspelarar som dei kan rullere på, alle med ulike ferdigheiter. Dei har målvakt med kvalitet og erfaring fra alle nivå og i tillegg så har dei gode vingspelarar og ei veldig sterk strekspelar.

Nordstrand starta året med ein veldig sterk seier mot Fjellhammer. Sjølv om dei er under nedrykksstreken betyr det veldig lite når det berre er tre poeng opp til Volda på fjerdeplass. Som jeg har sagt ofte i år så er årets serie den jamnaste 1. divisjonsserien nokon gong. Alle kan slå alle, så veldig mykje handlar om dagsform og å vere rett innstilt til kampen.

Det er viktig at vi prøver å forbetre det som ikkje gjekk bra mot Gjerpen og legge ned rett taktikk og strategi før kampen mot Nordstrand. Som vanleg så må vi ha ein veldig god dag for å ta to poeng. Vi håper at vi kan løfte oss i angrepsspelet som vi har jobba mykje med i pausa. 

Vi håper at det blir ein artig kamp å sjå på, og vi kjem til å krige for dei topoenga, avsluttar Halldór Stefán Haraldsson.

 

Publisert 9. januar 2021