Mellom anna er meir midlar styrt inn mot breiddesatsinga det siste året, og sportsleg suksess gjer at aktivitetsnivået aukar. Både sponsorar, treningsavgift, billettinntekter og dugnadane (toalettpapirsal og lotteri) er heilt sentrale for at drifta skal gå i pluss og barn og unge skal få gode tilbod i handballen.

Blant dei nye inntektene som blir viktige for klubben er utleige av den nye klubb-bussen, som blant anna kan gi store inntekter frå cruisetrafikken i Nordfjord. Men også lotteriet som no går ut til spelarar og foreldre, er med på å finansiere viktig aktivitet for både små og store i klubben vår.

Lotteriet som no vert drege i gang inneber følgjande:

- Alle spelarar skal selge 20 lodd kvar, og får utdelt ei loddbok.

- Lodda kostar 25 kroner pr stk.

- Det vert ei kort salsperiode på 14 dagar, lotteriet avsluttast 15. april.

- Det er mange fine premiar.

- Det vert sendt ut melding om når og kvar ein kan hente loddbøkene.

Det er "rabatt" for fleire søsken. Ingen skal selge meir enn to loddbøker, dvs meir enn to søsken så skal ein ikkje selge for fleire enn to.

Denne gangen gjeld dugnaden alle aldersgrupper. Alle oppmenn hentar blokker for sine spelarar/foreldre. Alle som sel lodd vippsar/betalar til oppmannen på sitt lag.