Vi møter Ålgård på søndag og det  pleier å vere ganske jamne og tøffe kampar.

 
Ålgård er eit som har alltid kjempet har vore høgt oppe på tabellen, sidan dei rykte opp til 1.divisjon.  Vi har møtt kvarandre fem gongar tidllegare der Volda har vunne 3, Ålgård 1 og så spelte vi uavgjort i haust.
 
Ålgård er eit lag med sterke skytterar og lynraske kontringsvingar.  Vi må klare å stoppe distanseskota til Ålgård samt at vi klarer å springe fort heim og stoppe kontringane. Dei spelar knalltøft 6-0 forsvar men kan også stille opp med offensivt 3-2-1 forsvar mot oss. Det blir viktig at vi er førebudde med fleire mulige løysingar i angrep.
 
Vi har sett fleire positive teikn i angrepsspelet dei siste kampane og vi håper å bygge vidare på det. Forhåpentligvis så løsnar det litt for oss på søndag og vi klarer å lage mange mål mot Ålgård.