Halli er overtydd om at Hante vil gjere det skarpt i voldadrakta: - Hante har alt som vi er ute etter i ei målvakt. Ho er ung, flink å lese spelet, sterk i 6m-sjansar, og med gode langpasningar. I tillegg så har ho ein enorm vilje til å utvikle seg til å bli betre. Hante verkar veldig hyggeleg, og har gjort eit godt inntrykk på oss i klubben. Ho har god erfaring fra nederlandsk eliteserie der ho har spelt veldig bra. Vi trur Hante kan prestere på like høgt nivå som Hanna Edvardsson har gjort i år. Ho kjem til å danne eit flott målvaktspar saman med Bintou Bjørkedal, og vi trur dei to kan få fram det beste hos kvarandre. Vi gler oss til at Hante kan kome til Volda, og håper at ho kan vere på plass allereie i mai, alt avhengig av smittevernreglane framover.
 
I vekene framover vil det bli meir informasjon om spelarstallen 2021/22.
 
 
For meir info, kontakt:
Halldór Stefán Haraldsson
Trenar, Volda Handball 
Tel: +47 90234229
 
Publisert 3. april 2021