Halli synest det er viktig at klubben får fram lokale spelarar: - Vi er ekstremt nøgde med at Bintou velger å vere med oss vidare. Ho er ei viktig brikke for oss; ein ung talentfull målvakt som har gått gradene i klubben. Det gir oss veldig mykje at dei lokale spelarane velger å satse på handball vidare her i Volda. Bintou tok steget før denne sesongen opp til 1. divisjon og har levert bra. Det er eit stort steg å ta, og for målvakter så tar utviklinga ofte lang tid. Mykje er avhengig av å få erfaring på høgt nivå, og det kjem som regel med å stå i det over tid. Vi har store forventningar til Bintou for dei neste åra."
 
 
Publisert 6. april 2021