Halli er godt nøgd med at endå ein ung lovande spelar frå regionen har valt å spele for Volda: - Adine er fødd i 2003 og kom til klubben i haust frå Godøy. Adine har markert seg bra på trening og i kampar med rekruttlaget vårt, og har vist at ho har ferdigheiter som ikkje altfor mange av våre spelarar har. Adine er veldig rask ein mot ein, og er ein veldig flott duellspelar, men har også potensiale til å utvikle eit bra skudd bakfrå i bana. Vi har tru på at Adine kan bli ein veldig god spelar i framtida. Vi i klubben er glade for at mange ser på Volda som ein god utviklingsplass, og skal gjere vårt beste for å utvikle Adine og andre unge spelarar vidare.

 

 

For meir info, kontakt:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229

 

Publisert 9. april 2021