Kva er hospitering i VHK?

Hospitering gjeld når ein spelar blir flytta opp ei aldersgruppe på trening/kamp pga. sportsleg
utvikling.

Hospitering skal brukast som ekstratrening for dei spelarane som trenaren meiner kan ha godt av å
prøve seg på eit høgare sportsleg nivå.

 

Når kan ein nytte hospitering?

Hospitering skal ikkje brukast før 14-årsalder. I spesielle tilfelle så kan ein hospitere opp ein spelar
som er yngre enn 14 år, men det må vere i samarbeid med klubbens hovudtrenar.

Spelarar som skal hospitere opp, er framleis spelarar på sitt eige lag, men hospiterer ein til to gongar
i veka, i tillegg til dei treningane /kampane som dei har med sitt eige lag. Viss treningane /kampane
krasjar med kvarandre, så er det klubbens hovudtrenar som avgjer kvar hospitanten skal delta, i
samarbeid med trenarane for laga. I utgangspunktet skal spelarar spele og trene med si eiga
aldersgruppe.

Kriterier som skal leggast til grunn for å vurdere om ein spelar skal hospitere er: Haldningar,
treningsvilje og ferdigheiter.

Ingen spelar skal delta på to handballøkter med to forskjellige lag på same dag, utan eit samtykke frå
hovudtrenar.

 

Korleis avtaler ein hospitering?

Først skal trenar for lag A ta kontakt med trenar på lag B, og diskutere mulege kandidatar til
hospitering. Dette gjeld uansett kva trenar som ynskjer hospitering.

Etter at trenarane blir einige om mulege kandidatar, så skal hovudtrenar informerast. Når dette er
gjort, skal trenaren til spelaren spørje spelaren om han/ho har lyst til å hospitere opp, før ein avgjer
om det vert hospitering. Dersom spelar og trenarar er einige om hospitering, skal oppmenn på dei
forskjellige laga informerast om dette.

Når det gjeld val av spelarar til hospitering, så er dette ikkje eit tilbod som er ope for alle. Her er det
snakk om spelarar, som treng ekstra utfordringar i treningskvardagen. Det er også viktig at trenaren
tenkjer på totalbelastninga til spelaren. Er spelaren aktiv i fleire idrettar?

 

Kan heile aldersgrupper hospitere opp?

I spesielle tilfelle kan eit heilt alderskull hospitere opp, viss klubben meiner at det er det beste
sportslege tilbodet.

Hospiteringsreglane gjeld ikkje i spesielle tilfelle, der vi har små treningsgrupper som blir slått saman
med andre alderstrinn.

 

Publisert 12. april 2021