– Å, det er så kjekt!

Orda kjem kjapt når vi spør Kine Kvalsund korleis det eigentleg er å spele framføre eit stort publikum. Merkar dei støtta når adrenalinet brusar og alvoret kjennest i alle musklar og fibre?

Jau. Å spele for ein fullsett Voldahall og det engasjerte heimepublikummet, det gjer noko spesielt med spelarane. 

Det betyr veldig mykje at folk kjem og støttar oss. Eg har spelt kvalik før, og det er ei fantastisk stemning, spesielt i Voldahallen som er litt liten og intim. Publikum sit ganske tett på oss og det er noko heilt anna å spele for eit publikum enn for tomme tribunar. 

Kantspelar Kine Kvalsund har fleire sesongar bak seg som Volda-spelar.

– No har vi vore ganske heldige med å ha mykje publikum både heime og borte, men vi håpar at hallen fyllast og at det blir kjempestemning på søndag.

Ikkje mykje å endre på

I tillegg til fullsatt hall, er det sjølvsagt full fous på førebuingar denne veka.

– Kva blir viktig å fokusere på inn mot dei to kvalik-kampane?

– No må vi berre jobbe vidare sånn som vi har gjort. Vi har forsvarsspelet på plass. Vi har angrepsspelet på plass. No er det berre små finjusteringar og vi har fått i gang stort sett alle spelarane. Halldór har rotert masse på laget dei siste kampane, så eg trur vi er ganske godt rusta. 

Tidleg i veka fekk klubben videoar av Gneist-kampar, og skal bruke veka på å studere desse og analysere motstandaren.

– Vi skal ha eit eige videomøte på torsdag, så blir det å jobbe heile veka inn mot søndagskampen. Det meste er gjort, så no blir det berre justeringar, seier Kine.

Breidde-satsing: Unge spelarar får tilpassa styrketrening

Høgdepunktet var i Oslo

Det har vore ein fantastisk sesong, med ei knallsterk rekke sigrar gjennom heile seriespelet. Så langt er det ein ting Kvalsund vil trekkje fram som høgdepunktet. Så langt.

– Å ta den viktige helga på bortebane då vi var i Oslo, å slå Nordstrand og sjå at etter at vi slo dei så rakna heile greia for dei, det var veldig kjekt. Dessutan var det kjekt å vinne alle kampane, sjølvsagt.

Første gong Volda rykka opp i førstedivisjon, var ikkje Kine med. Men ho var på laget sist det vart opprykk. Hvis det no lukkast å slå bergenslaget over to kampar, så fryktar ikkje den erfarne kantspelaren at Volda blir nokon kasteball i divisjonen.

– Eg trur vi er betre rusta enn vi har vore dei andre gongane vi har rykka opp. Det at vi har så stor breidde i stallen, at vi har to gode spelarar i kvar posisjon, gjer at vi har gode mogelegheiter til å bli i divisjonen. Vi treng litt forsterkingar her og der, men eg har trua på at vi kan overleve der oppe neste sesong.

  • Volda møter Gneist til første av to kampar søndag kl 16.00 i Voldahallen