Halli: - Det er kjempebra at vi klarer å trekke til oss ein spelar på Iuliia sitt nivå. Eg må rose Bent Ingebrigtsen og andre i klubben som har jobbe intenst med å få til denne signeringa. Iuliia kan spele alle back-posisjonane i angrep samtidig som ho også er ein veldig sterk forsvarsspelar. Iuliia kjem også til å vere ein del av klubbens prosjekt for å utvikle unge spelarar. Ho er ein skikkeleg ressurs, og vi trur og håper at Iuliia kan vere blant dei beste spelarane i neste års 1.divisjon.

 

For meir info:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229

Publisert 11. mai 2021