Katrín Tinna er fødd i 2002, og har dei siste to åra spelt med Stjarnan i eliteserien på Island. Ho har tidlegare spelt for Fylkir, som er same klubb som både vår gamle spelar Thea Imani Sturludóttir og Halldór Stefán Haraldsson kom ifrå til Volda.

– Katrín Tinna er ein 180 cm høg strekspelar, og har i tillegg utvikla veldig spennande forsvarseigenskapar. Ho er juniorlandslagspelar for Island og har trass sin unge alder også vore tatt ut i A-landslagstroppa, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson.

– Eg trur ho kjem til med å utvikle seg fort i Volda, og dette blir ein av de unge spelarane som vi kjem til å legge merke til dei komande åra, seier han.

Det blir spennande å følgje med Katrín Tinna neste sesong!