Mange har allereie meldt seg på og veke 27 og 30 er fulle. Men framleis er det nokre plassar att, opplyser breiddeansvarleg Linda Engjaberg i Volda handballklubb.

Volda sommarcamp har base i Volda Campus SpareBank 1 Arena og er for dei som startar i 5.-10. klasse til hausten. Sommarcampen går av stabelen i veke 27, 28, 29 og 30.

Allsidige aktivitetar

Campen er eit samarbeid mellom fleire frivillige aktørar. Tilbodet er fire enkeltståande veker fylt med aktivitetar som livredding, handball, volleyball, klatring og buldring, e-sport, kajakk og bading. Handballklubben samarbeider med fleire andre klubbar om opplegget.

Tilbodet er ein del av "Sommarskulen" i Volda, er helit gratis og gjeld alle elevar i Volda kommune. 

Gjennom sommarskulen kan barn og unge vere i positiv aktivitet i sommar. 

– Vi har fått eit tilbod som gjer at barn kan finne ein aktivitet og ein læringsarena der dei opplever meistring og får sosial omgang med jevnaldrande, seier Håvard Strand. 

Sikkert smittevern

Meir informasjon og fullstendig oversikt over aktivitetar får du når det nærmar seg campstart. På grunn av pandemien kan det kome endringar på kort varsel.

Deltakarar på sommarcampen er forsikra gjennom Volda kommune. Det er ingen krav til spesielle ferdigheiter for å melde seg på.