- No nærmar det seg ferie for jentene og det er på tida å sjå framover mot sesongen 2021-2022. Det blir 11 lag i 1.divisjon neste sesong og vår fyrste motstandar blir Levanger på bortebane den 12. september. Siste gang vi møttes endte det uavgjort, så det blir heilt klart ein krevande start. Vi går inn i sesongen med ambisjonar om opprykk. Det som vi veit no er at eitt lag rykker direkte opp til Rema 1000 serien,  men det er framleis uavklart korleis det blir med kvalik.

 

I oppkøyringa blir det fleire treningskampar på 1.divisjonslaget. Vi skal møte Molde i Ålesund, TIF Viking i Volda, og ei reise sørover til Skjærgårdslekene er også på planen. Så blir det heilt sikkert nokre NM-kampar i august og september.

 

Nokre spelarar takkar for seg, mens andre kjem til klubben:

 

Hanna Edvardsson flyttar tilbake til Sverige etter ein fantastisk sesong i Volda som ein av 1. divisjons beste målvakter. Vi var heldige å få tak i Hanna, og ho leverte varene og meir til. Ho var ein veldig god mentor for Bintou og mykje av kunnskapen sit igjen i Voldahallen. Vi ønsker Hanna lukke til i nye og spennande oppgåver!

 

Sara Dögg Hjaltadóttir flyttar til Skien og skal spele for Gjerpen neste sesong. Den unge playmakaren har vore viktig for oss dei to siste sesongen. Ho kom til oss skada før sesongen 2019-2020, og brukte den fyrste sesongen på å kome i gang igjen. Den andre sesongen spelte ho mange gode kamper for Volda og tok store steg gjennom sesongen. Sara er ei flott jente som vi er takksame for å ha hatt i Volda i 2 år!

 

Mina Mjærum kom til oss frå Sola før sesongen 2020-2021, og hadde med seg erfaring frå eliteseriespel. Ho har vore ei veldig viktig brikke i stallen vår, og kom med mange nye idear inn i laget. Fyrst og fremst ei flott og tøff jente som vi har vore heldige å bli kjent med!

 

Ingeborg Furunes tar steget til Fredrikstad og Eliteserien der det blir eit spennande eventyr. Ho kom til oss før sesongen 2019-2020 fra Bodø og har tatt steg heile vegen. Fantastisk jente som har gitt alt for klubben sidan ho kom. Det blir spennande å følgje med ho i Eliteserien neste sesong og vi ønsker henne lykke til!

 

Helga Pedersen Lersveen

Helga kom til Volda allereie som 16-åring frå Stranda. Ho har gått gradene i klubben dei siste åra, og var blant våre viktigaste brikker då vi vann 3.divisjon sesongen 2019-2020. Helga har utvikla seg mykje dei siste åra, og no skal ho flytte sørover og mest sannsynleg blir det 2. divisjonsspel på ho neste sesong. Vi ønsker Helga lukke til og tar imot ho igjen når ho flyttar heim!

 

Kristine Håheim Vike

Kristine Håheim Vike legg handballskoa på hylla, i alle fall når det gjeld toppsatsing. Kristine gjorde eit "comeback" før denne sesongen og starta veldig bra, men var uheldig midtvegs med ein ankelskade som påverka resten av sesongen. Fantastisk jente å ha med på laget, og viktig for dei yngre jentene våre. Vi ønsker Kristine lykke til med nye prosjekt!

 

Sjølv om det er trist å miste så flotte jenter ut av gruppa, så kan vi med spenning sjå fram mot neste sesong. Stallen vår er allereie så godt som klar. Vi har signert nokre nye spelarar, og i tillegg har vi tatt inn fleire unge og lovande frå eigne rekker. Vi har også eit "comeback" på gang som vil bli presentert på heimesida ein av dei neste dagane.

 

1.divisjons stallen 2021-2022:

2 - Auria Ann Ose

3 - Katrín Tinna Jensdóttir

4 - ???

5 - Kine Kvalsund

6 - Fride Heggdal Stølen

7 - Ingrid Jamtli Rye

8 - Marte Nornes

9 - Hanna Ræstad

10 - Sara Hoel Røyr

11 - Ingvild Græsdal

12 - Bintou Bjørkedal

14 - Kristin Skarbøvik

17 - Madelen Wiig

20 - Thale Veddegjerde

22 - Hilde Sofie Rebbestad

24 - Hante Satu Hamel

25 - Andrea Jenset

26 - Adine Andreassen

79 - Julia Andriychuk

 

Vi håper sjølvsagt at neste sesong blir gjennomført så normalt som muleg, og at vi kan spele kampar med nærast full hall og masse stemning. Vi ønsker å takke alle frivillige (styremedlemmar og andre) som jobber rundt laget vårt og kampane våre, de er utruleg viktige for toppsatsinga i Volda!  Vi gler oss allereie, og håper at vi møtes til mange flotte og spennande opplevingar i hallen neste sesong!

 

Halli

 

Publisert 17. juni 2021