- Som forventa var Molde eit mykje betre lag, men det var også nokre positive teikn hos oss. Molde har heilt klart kome lenger i si oppkøyring enn oss sidan eliteserien startar 2 veker før 1.divisjon. Molde hadde allereie spelt ein treningskamp før vi møtte dei, mens vi har ikkje spelt ein kamp på seks månader så det kan forklare noko av forskjellen.

- I 1. omgang så rullerte vi godt på stallen. Mange spelarar fekk smake på nivået, og for enkelte var det til og med fyrste kamp for 1.div laget. I 2. omgang så køyrde vi litt meir på rutine og prøvde ut enkelte ting som vi tenker at vi kan kanskje bruke vidare. Det var spesielt gledeleg at Hante Hamel var fantastisk i mål!

- Kjapt oppsummert; mykje nytt og mykje som vi måtte prøve, litt høge skuldrar her og der men ein ok start. Vi veit kor vi står og vi gler oss til å førebu oss vidare fram mot seriestarten borte mot Levanger 12. september.

 
 
Volda sine mål:
Fride Heggdal Stølen 3
Ingrid Rye 2
Madelen Wiig 2
Kine Kvalsund 2
Hanna Ræstad 2
Maria Ulla 2
Katrín Jensdóttir 1
Adine Andreassen 1
Ingvild Græsdal 1


Publisert 6. august 2021