– Vi valde med vilje å satse på litt tøffe treningskampar i år, seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson. Etter å ha tapt, men tatt med seg mykje lærdom mot elitelaget Molde førre veke, står no fleire topplag for tur i Skjærgårslekene i Tønsberg. Fredrikstad, Storhamar og Tertnes vert motstandarar i turneringa som også har Byåsen, Vipers, Fana og Molde på deltakarlista. 

Nysignering og comeback

– Eg synes det er fint å øve seg mot dei vi sikter mot, seier Volda-trenaren, som held fast på at opprykk sjølvsagt er målet for sesongen som ligg føre. I Tønsberg får nysigneringa Iuliia Andriichuk prøve seg. Det får også ein gammal kjenning som snart har vore så mykje på sidelinja at ho kan reknast som eit nytt tilskot for laget i år: Marte Lausund Nornes er endeleg klar for comeback att! 

– Eg gler meg veldig mykje, smiler backen, med skinne på kneet, men endeleg klar for spel.

Sjå video her (saka held fram etter videovindauget)

– Det er litt nerver og det kribler, og eg kan sitte før trening heime og berre gle meg til få å vere med! Eg føler at eg har kunne delteke frå benken på ein måte, men no har eg fått vist kva eg meiner på bana i staden for å berre sitte på sidelinja og peike… så det er sjukt godt, seier Marte.

– Men eg har det lille steget att, å få spele mine første minutt. Vi får sjå til helga korleis det blir! 

– Skal få tida ho treng

Trenaren er klar på at ho skal få tid til å kome tilbake i kjent Marte Nornes-form.

– Det blir veldig spanande å få ho tilbake. Ho har eit handballhovud som veldig få har, og så har ho sjølvsagt flotte eigenskaper på bana og, så eg trur ho kjem til å bli ganske sentral for oss om nokre månader. Men det er klart, når du har vore ute i to år, så tek det litt tid å kome tilbake – og den tida får ho absolutt. No har vi jo for eksempel Madelen Wiig inne, Iuliia kjem inn og vi har Ingrid Rye framleis, så vi har ganske stor breidde i stallen. Marte kjem til å trenge litt tid og vi skal ikkje havne i den situasjonen at ho MÅ spele, ho skal få den tida ho treng og nokre minutt her og der – og så blir ho klar til slutt, seier Halli. 

Marte sjølv er klar på at ho og laget skal bruke treningshelga godt:

– Vi kunne ikkje drømt om å fått betre treningsmotstand. Vi møter jo dei beste, så vi får nok bryne oss skikkelig – men det er jo godt å sjå kva nivå vi må opp på! Og vi reiser ikkje ned for å vinne turneringa, vi skjøner jo såpass, men det blir utruleg god trening for oss. Vi får testa alle trekk, og eg reknar med vi skal spele to forskjellige typer forsvar. Vi har fire kampar og alle får spele, og det vert kjempegøy, oppsummerer ho. 

Finne attende til seg sjølv – og opprykk

Når det gjeld sesongen, er det ingen tvil om målsetnaden:

– Vi har samme mål som alltid: Vi skal opp! Sånn er det berre! For min eigen del vert det å spele meg i form, spele meg litt opp og prøve å kome attende til der eg var og bli meg sjølv att, rett og slett. Eg reknar med første kampane vert litt både óg – eg kan ikkje forvente å kome tilbake å vere 100 prosent. Eg må ta det sakte, men sikkert. Men eg gler meg veldig mykje!