For trenar Hilmar Gudlaugsson er cupen eit viktig ledd i oppkøyringa fram mot ny sesong. - Dette er dei fyrste kampane på over eit halvt år, så det er viktig å kome i gang med skikkeleg kamptrening. Vi har mange nye spelarar, og vi ser stor verdi i å få samspelt laget i reelle kampsituasjonar."

- Kva er ambisjonen for komande sesong? - Det er heilt klart opprykk til 2. divisjon. Med eit lag i toppen av 1. divisjon og som aspirerer til elitedivisjon så er det viktig at vi har eit rekruttlag som spelar i ein divisjon der dei møter lag på eit høgare nivå, avsluttar Gudlaugsson.

 

Turneringa vil bli arrangert innanfor trygge rammer der ein tek omsyn til gjeldande smittereglar.

 

 

Publisert 19. august 2021