- Det var svært positivt å spele desse fire kampane mot fleire av topplaga i landet. Fredag kveld møtte vi Tertnes, og gjennomførte ein fin angreps- og kontringskamp der vi lukkast i mykje av det vi har trent på. Vi slit ein del i forsvar, men det var som forventa etter som vi har brukt mindre treningstid på forsvar før denne helga. Vi roterte godt på stallen og alle 16 får spele. Marte spelte 2x5 minutt i denne kampen, og det var spesielt gledeleg å sjå henne tilbake på bana.
 

- På laurdag starta vi dagen mot Storhamar. Der leverer vi ein svært god 1.omg mot eit veldig sterkt lag, og låg berre to mål under til pause. Utover i 2. omg. rykte Storhamar i frå, men vi fekk brukt kampen godt og dei fleste unge spelarane fekk over 40 minutt i denne kampen. Det er svært viktig for dei å få prøve seg mot topp nasjonalt motstand.

- Neste kamp spelte vi mot Fredrikstad. Den kampen var 80% bra gjennomført frå oss. Vi miste litt kontrollen i slutten av 1.omg, og FBK klarte å få skaffe seg ei klar leiing til pause. I 2.omg så kjem vi sterkt tilbake og knappar ned leiinga til to mål. Vi får fleire muligheiter til å utlikne, men lukkast ikkje i avgjerande moment. Derfor blei det tap mot FBK denne gangen.

- Siste kamp mot Gjerpen var tidlig på søndag. Vi visste at vi hadde slitne spelarar som hadde gjennomført tre kamper på 26 timar. Vi brukte vårt sterkaste lag enkelte perioder, mens i andre delar av kampen fekk unge spelarar viktige minutt inne på bana.

- Vi opplever at vi har fått ei veldig god gjennomføring i Skjærgårdscupen. Vi ser kva vi treng å jobbe med i forsvar, og kva vi må utvikle vidare i angrep. Neste oppgåve blir NM der vi 1. september møter Godøy som har mange spennande unge spelarar. Volda stiller nok som favorittar der mange forventar at vi vinn stort, men også slike kampar må fyrst spelast for å kunne vinnast. 

 

Resultat frå Skjærgårdscupen:

Volda - Tertnes 31 - 33

Volda - Storhamar 18 - 28

Volda - Fredrikstad 25 - 28

Volda - Gjerpen 23 - 31

 

Det er fleire nye spelarar på årets Volda-lag. Madelen Wiig viste svært lovande takter under Skjærgårdscupen (Foto: Jon Forberg) 

 

Publisert 25. august 2021