Handballskulen er for alle 6-9-åringar anten dei allereie går på handball, eller er heilt ukjende med idretten. Laurdag vil spelarar frå damelaget vere instruktørar, og borna kan få utfalde seg i Volda Campus Sparebank 1 Arena eit par timar.

6- og 7-åringane (2014/2015) er velkomne frå 10.00-11.30

8- og 9-åringane (2012/2013) er velkomne frå 12.00-13.30

Ta med vatn, innesko og mjuke kle.

Det vert open kiosk.

Du kan melde deg på handballskulen her eller sende ein epost til Linda Engjaberg: linda.engjaberg@gmail.com

Vi må ha påmeldinga innan torsdag 9.september.

Håpar på å sjå  dykk laurdag 11. september!