Halli har følgande rapport etter kampen:

- Det var mykje spenning i laget for fyrste "ordentlege" kamp i sesongen 2021/2022. Det er alltid kjekt å møte lokale lag i NM, og spesielt når vi møter Godøy på bortebane. Publikum er alltid fantastisk, og arrangementet rundt kampene har alltid på høg standard.

- Det starta jamt slik det ofte er i slike kampar, og laga følgjer kvarandre tett dei fyrste 10 minutta. Godøy brukar lang tid i sine angrep, noko som ikkje overraskar oss og som vi måtte akseptere at dommarane tillet. For oss var det å stå ofte opp til 2 og eitt halvt minutt i forsvar ei fin øving på konsentrasjon. Angrepssmessig så leverer vi stort sett bra. Vi spelar oss til gode sjansar, og sjølv om det blir nokon bom og tekniske feil har vi over 70% uttelling på angrepa våre i 1.omgang. Dessverre blei det berre svært få angrep i 1.omg sidan vi måtte stå så lenge i forsvar. Midtvegs i 1.omg i stillinga 5-6 har vi ein veldig god periode der vi scorar 9 mål og berre slepp inn eitt, slik at vi går til pause 6-15.

- I 2.omg så omstiller vi oss litt i forsvar og prøver å løfte tempoet litt i kampen. Dette lukkast vi godt med, og vi aukar leiinga yttarlegare til 9 – 22. Etter det handlar det mykje om å fullføre kampen på en professionell måte, noko som eg synes jentene var veldig flinke til i dag. Godøy scorar sitt siste mål i kampen når dei reduserer til 12 – 25 etter ca halvspelt omgang. Dei siste 14 minuttene vinn vi 10-0 og kampen endar til slutt 12-35.

- Fokus for kampen var forsvarsspel og konsentrasjon samt at vi hadde veldig lyst til å gå frå den kampen med ein god følelse. Det er ofte i slike kampar at ein vinner, men er likevel ikkje heilt fornøgd med det ein leverer. Eg synes vi lukkast på alle områder, og klarer å bruke denne kampen som ein god treningskamp før dei komande kampane.

- Vi hadde med oss 16 spelarar i dag som alle kjem inn på bana og leverer, noko som også heile 11 på scoringslista er ein peikepinn på. 

- No ser vi fram til ein spennende kamp i neste runde mot Byåsen komande onsdag, og håper at alle tar turen ned i Campus og heiar oss fram!

 

Marte Nornes er tilbake etter skade og kunne mellom anna notere seg for fire straffemål (Foto: Jon Forberg)

 

Publisert 2. september 2021