- Vi er veldig spent på å møte Byåsen i NM. Vanlegvis møter vi Tertnes eller Molde i 3. runde, men eg kan ikkje sjå at vi har spelt nokon offisielle kamp mot Byåsen dei siste 20 åra. Det blir kjekt å få stormakta i norsk handball på besøk. Byåsen har vunne NM fire gongar, og eliteserien fem gongar. I tillegg har dei 11 seriesølv og 3 bronse, så her er det ein motstandar med ganske fascinerende historie.
 
- I år er Byåsen eit lag som har mange meritterte profilar i stallen, men også unge lovande spelarar. Ida Alstad, Mari Molid og nederlandske keeperen Annick Lipman kjenner dei fleste, og det blir kjekt å få dei på besøk i vår nye storstove.
 
- Når det gjeld sjølve kampen så ser vi ein muligheit til å slå Byåsen, Vi har prestert godt mot fleire eliteserielag i oppkøyringa så vi veit litt kor lista ligg. Men vi veit også at NM er noko heilt anna enn treningskampar. Vi kan derfor ikkje tenke at sjøl om vi har spelt nokre gode perioder i treningskampar så har vi sjans, vi må vere på vårt absolutt beste gjennom heile kampen for å kunne slå Byåsen på onsdag.
 
- Eg veit at jentene har veldig lyst til å vise seg fram og det blir ei flott generalprøve for oss før første seriekamp mot Levanger. Vi kjem derfor til med å legge alt i kampen på onsdag og satsar på seier, avsluttar Halli.
 
 
Byåsen stiller blant anna med Ida Alstad som har 143 landskampar i perioden 2009 - 2016 (Foto: Erlend Ekseth)
 
 
Billettar kan du kjøpe her: https://ebillett.no/voldacampusarena?fbclid=IwAR2m_JPtnkl7GvbmdxhLK2XFNyI-4UjyYxOgq2n6WPOrI7BGvAyXyvB9Z6Q
 
 
For meir info:
Halldór Stefán Haraldsson
Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229
 
Publisert 5. september 2021