I 1.omg så startar vi dårleg. Vi slit veldig med balltempo i kontringar og etablert angrep, men etter kvart så føler eg at det løsnar litt opp framover. Vi klarer å skape fleire fine sjansar, rett nok med nokre dårlege skudd her og der, men stort sett godkjent siste 20 min i 1.omg
 
- Bakover så slit vi voldsomt med strekspelaren til Byåsen. Ho klarer å skape seg rom og lage plass for bakspelarane til å skyte. Vi prøver å få det justert undervegs, og lukkast med det i små perioder.
 
- I pausa så følte vi at vi hadde god sjans dersom vi fekk justert enkelte små ting i forsvar og angrep.
 
- I 2.omg så startar vi veldig dårleg. Byåsen kjem svært enkelt gjennom forsvaret vårt, og vi mister fort trua på prosjektet. Dårleg forsvarsspel smittar over på andre enden på bana, der vi også verkeleg sleit. Alt blir gjort halvegs og Byåsen klarer å auke leiinga fort opp til 7-8 mål. Etter det var kampen egentleg ferdig.
 
- Vi er skuffa over den dårlege prestasjonen i 2.omg, Det er ein ting å tape mot Byåsen, men måten vi taper på er vi ikkje fornøyd med. Vi må ta med oss det vi kan frå den kampen og vende blikket mot søndagens kamp mot Levanger, der vi forventar knalltøff motstand. Vi har veldig lyst til å slå tilbake på søndag og vise at 2.omg er ikkje er representativt for det vi har tenkt å vise i år.
 
 
Volda heldt følge med Byåsen i 1. omgang, mykje takka vere Ingrid Jamtli Rye som blei lagets toppscorar med sju mål (foto: Jon Forberg)
 
Publisert 8. september 2021