- Vi hadde rekna med at Levanger ville stille med 3-2-1, men i staden starta dei med i 6-0 oppstilling som eg føler at vi løyste veldig bra. Vi kjem oss til gode sjansar og jeg føler at vi er det førande laget i starten av kampen. 1.omg blir veldig jamn, men vi sit med ein følelsen at vi er det laget som har størst sjanse til å rykke ifrå. Laga vekslar på å vere leiinga, og vi går til pause med 13-13.
 
- Vi starter 2.omg mykje betre og får ei tomåls-leiing, men dessverre klarer vi ikkje å halde på initiativet og Levanger kjem tilbake og i leiing 16-15. Etter det så er det veldig jamt mellom laga. Når tre minutt gjenstår har Levanger eitt måls leiing, og dei siste minutta blir veldig spennande. Eitt minutt før slutt tek vi leiinga, og når Levanger går i angrep klarer vi å erobre ballen og får sjansen til å gå opp i tomåls-leiiing, men bommar dessverre på kontringa 20 sekund før slutt. Levanger klarer å utlikne to sekund før slutt.  
 
- Vi må reise heim til Volda med 1 poeng slik som i fjor. Veldig kjedeleg når vi følte at vi hadde alle muligheiter til å vinne den kampen. Vi må sjå på kampen og prøve å forbetre oss før vi møter Grane på hjemmebane om to veker.

 

Iulia Andriichuk blei kåra til Voldas beste med sine fem mål (foto: Jon Forberg)

 

Publisert 12. september 2021