- Kampane mot Grane er vanlegvis jamne. I fjor vann vi med eitt mål heime og med to mål i Arendal, og vi forventar at det blir jamt også denne gongen. Grane har starta årets serie med tap mot Fjellhammer og seier mot Reistad.
 
- Grane har mange sterke back-spelarar og gode skyttarar som ofte prøvar seg frå distanse. Det blir difor viktig for oss å få betre samarbeid mellom keeper og forsvar enn vi fekk til mot Levanger. 
 
- Grane har også ein veldig god høgre ving, Ingrid Vehusheia, som har starta årets serie veldig sterkt med 12 mål på to kampar. Det blir viktig for oss å stoppe henne i kontringane.
 
- Vi må bygge videre på det angrepsspelet som vi viste mot Levanger, samtidig som vi må prøve å få fleire mål på kontringar og i ankomst. 
 
- Det ser ut som årets 1.div blir slik at alle slår alle og det er ingen lette kampar der ein er garantert 2 poeng. Vi håpar at folk vil gå mann av huse søndag og støttar oss i en tøff kamp, seier Halli. 
 
 
(Foto: Jon Forberg)
 
 
For meir info:
Halldór Stefán Haraldsson
Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229
 
Publisert 23. september 2021