- Gjerpen har til no sett ut som det beste laget i 1.divisjon. Dei har vunne alle sine fire kampar, og har 51-plussmål, så det blir ei stor oppgåve for oss å ta imot Gjerpen i Volda på søndag. Vi møter eit lag som har sterke spelarar i alle posisjonar. Strekspelaren Katinka Lillevik er toppscorar og veldig sentral i både forsvar og angrep. Det blir viktig for oss å forsøke å stoppe henne. 

- Backspelarane Oda Olsen og Linn Andresen, som begge scora 5 mål mot oss då vi spelte mot dei siste sesong, er sentrale i angrepsspelet. Oda er skyttar og Linn er playmaker som er sterk på gjennombrot. På høgreback har Gjerpen fått inn tidlegare Grane-spelar Anna Clara Fjellheim som er venstrehendt og gjev Gjerpen ein ny dimensjon i angrepsspelet som dei ikkje hadde i fjor.

- Det er klart at vi må spele opp mot vårt beste søndag skal vi klare å ta to poeng mot Gjerpen. Som vanleg så starter alt med forsvar og keeper, der må vi ha ein god dag sånn at vi kan køyre kontringane våre og få nokon enkle mål. Framover blir det viktig å avslutte angrepa våre på mål og ha så få tekniske feil som mulig.

- Sjølv om det blir ein tøff kamp så ser vi muligheiter for å vinne, og jentene er gira på å møte Gjerpen. Det blir også kjekt å få Sara Dögg tilbake til Volda sjølv om ho no står på motstandarsida.

-Det blir også svært viktig for oss å få støtte frå publikum som kan bidra til å vippe jamne kampar i vår favør. Vi såg i førre heimekamp mot Grane at spelarane får mykje energi av støtten frå eit talrikt publikum. Vi håper vi kan få like mange og forhåpentligvis endå fleire enn dei 700 som kom på siste heimekamp!          

 

Fride Stølen blei toppscorar med fem mål då Volda møte Gjerpen i førre sesong (Foto: Jon Forberg)

 

For meir info:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229
 
Publisert 13. oktober 2021