- Ein profesjonell jobb av oss, sa trenar Halldor Stefan Halldorson til Sunnmørsposten etter å ha innfridd favorittstempelet. Då hadde han sett laget sitt gå til leiing med 17-10 til pause. Til slutt sto det 30-20 i favør Volda på resultattavla.

Toppscorarar for Volda vart Kine Kvalsund og Iulia Andriichuk med seks mål kvar. 

Dermed klatra Volda opp på andreplass på tabellen, bak Gjerpen som enno ikkje har tapt denne sesongen. Seinare søndag sendte neste motstandar i serien, Haslum Bærum, Volda ned på tredjeplass etter sin siger mot Reistad. Poenget skil laga før det som blir ein gysar av ein kamp i VCA på sjølvaste Halloween!

Sjå kampfakta Randesund - Volda her.