- Vi veit at vi møter eit veldig godt lag som i fjor slo oss 24 – 17 i Bærum. Haslum har mange gode backspelarar og pleier å rotere mykje på mannskapet når dei spelar. Med mykje bredde i stallen klarer dei å halde høgt tempo og nivå gjennom hele kampen.

 

- For oss blir det viktig at vi avsluttar angrepa våre på ein skikkeleg måte sånn at Haslum ikkje klarer å kontre på oss. Vi må ha god disiplin og prøve å finne dei rette sjansane. 

 

- I forsvar må gjere arbeidsforholda til keeperane så gode som muleg.  Vi må difor passe på å kome oss ut på backspelarar fordi dei er gode skyttarar frå distanse.

 

- Klarer vi å stå godt i forsvar og få nokon kontringsmål så har vi mulegheit til å vinne. Men vi veit at dette blir mest sannsynleg ein jamn kamp i 60 minutt. 

 

- Vi treng å levere på topp på alle plassar – på bana, benken og tribunen. Eg håper folk har lyst til å kome i hallen og hjelpe oss å hente 2 viktige poeng. Det har vore utruleg kjekt på dei siste heimekampane med god støtte frå publikum i ryggen, og eg håper at det vil fortsette på søndag!

 

Hante Hamel hadde høg redningsprosent og blei kåra til banens beste i førre seriekamp mot Randesund (foto: Jon Forberg)

 

For meir info:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229

 

Publisert 29. oktober 2021