21 gutar + trenarar og familiar reiste på laurdag frå Volda for å spele kamper i Borgundhallen og Hatlane idrettshall. Vi spelte kampar mot Spjelkavik, Haram, Godøy, Aksla og Sykkylven.Det var utruleg kjekt å sjå gutane på bana igjen etter ein lang pause utan kampar. Sjølv om gutane treng litt tid til å bli vande med kortbane-handball så var det mange flotte mål og fleire flotte redninger, gjengen leverte utruleg bra på bana. Dette er ein veldig ivrig og stor gjeng som har mykje glede av handballen. Klubben er veldig stolt av å ha så flotte representantar.

 
 
 
Halldór Stefán Haraldsson
Volda Handball TrenerTel: +47 90234229
 
Publisert 1. november 2021