- Vi spelte to kampar mot Nordstrand i fjor og vann begge med små marginar, 24-20 og 24-21. Det er eit spennande lag som har flotte spelarar i alle posisjonar. Dei har ein god playmaker, Lene Tveiten, som blir viktig for oss å stoppe. Både ho og høgre back Hanne Byklum spelte ikkje i siste serierunde då dei tapte overraskande mot Reistad pga sjukdom. Vi forventar at begge to er tilbake på bana mot oss på søndag. Med alle spelarar friske så har Nordstrand alle muligheiter til å vere blant topp fire på tabellen i år.

 
- I forsvar må vi prøve å ha så god kontroll på Tveiten som mulig, samtidig som vi må stå godt mot Amalie Mogstad på strek. Dei andre bakspelarane blir viktig for oss å stoppe. I angrep må vi bygge vidare på det gode som vi har gjort i dei siste kampane. Eg har veldig lyst til å få ned talet på tekniske feil. Eg meiner vi taper for mange ballar i kampene våre, der har vi forbetringsmuligheiter.

- Nordstrand er eit lag som aldri gir opp, så vi må vere på i alle 60 minutt viss vi skal få med oss to poeng heim til Sunnmøre.

 

Det er viktig å vere engasjert i samtlige 60 minutt, også på benken (foto: Jon Forberg)

 

For meir info:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball Trener
Tel: +47 90234229

Publisert 4. november 2021