Styret i klubben oppmodar medlemmane om å stille i paraden og gå i lag med Volda handballklubb.

Oppmøtet er klokka 17.30 ved Volda omsorgssenter, og målet er at flest mogeleg stiller i klubben sine klede.

Paraden, som startar klokka 18 fredag 11. mai, vert for mange høgdepunktet under Bygdepride. Folketoget kjem til å gå igjennom gatene til Propellhallen ved Studenthuset Rokken.

Der skal mellom anna kulturminister Trine Skei Grande halde appell, i likheit med leiar i Ørsta/Volda Pride, Anbjørn Steinholm Frislid.

Paraden skal vere ein folkefest, og vi ynskjer at så mange medlemmar som mogeleg er med. Ta med deg godt humør og kom akkurat slik som du er!

Les meir om paraden på Bygde-Pride sine Facebook-sider her.