Nordstrand vart parkert frå start på eigen parkett. Volda-damene leia 20-7 til pause. Serietoaren ga seg ikkje før det sto 38-26. 

– Om nokon hadde sagt til meg at vi skulle vinne så mykje før kampen, hadde eg lurt på kor mykje dei visste om handball, sa Volda-trenar Haldor Stefan Haraldsson til Sunnmørsposten etter scoringsfesten. (Sak for abonnentar.)

Toppscorarar vart Iulia Andriichuk og Ingrid Jamtland Rye med sju mål kvar. Iulia ligg på andreplass på toppscorar-lista i 1. divisjon.