- Ålgård er eit lag som vi etter kvart kjenner godt. Vi rykte samtidig opp til 1.divisjon sesongen 2017/2018 og har sidan spelt seks gongar mot kvarandre. Volda har vunne 3 kampar, Ålgård 2, mens ein har endt uavgjort. I førre sesong tapte vi borte og spelte uavgjort heime mot Ålgård som alltid er tøffe å møte.

- Ålgård er eit lag som alltid stiller opp med eit sterkt forsvar og god keeper. Dei pleier å ha spennande spelartypar i angrep som er vanskeleg å stoppe, og slik er det også med denne sesongens Ålgård-utgåve. Dei har variert litt i prestasjonane, men på toppnivå så kan dei godt måle seg med topplaga i serien. 

- Som ofte tidlegare er venstre-vingen til Maren Eiken Ravndal toppscorar med 50 mål på sju kamper. Ho er både sterk i kontringar og som avsluttar i etablert angrepsspill. Det blir viktig for oss finne gode løysingar i angrep sånn at vi ikkje gjev Ålgård mulegheiten til å kontre mot oss.

- I forsvar må vi møte ute og vinne duellar mot dei sterke bakspelarane Emilia Giske og Veriana Veliqi. Dei to har scora til saman 50 mål for Ålgård. Klarer vi å stå bra bakover så gjev det oss eit godt utgangspunkt til å kontre mot Ålgård, noko som vi lukkast veldig bra med mot Nordstrand.

- Alle våre spelarar er friske og klare for kamp. Vi vet at sjølv om vi fekk eit godt resultat,  så må vi prestere minst like bra viss vi skal ta 2 poeng mot Ålgård.

-Som vanleg så blir det avgjerande for oss at publikum til å møter opp og støttar oss. Saman må vi skape ei sterk festning av ei heimebane der det vil vere vanskeleg å slå oss.

 

Yuliya Andriychuk vyznaly naykrashchoyu na poli v matchi proty Nordstranda mynulykh vykhidnykh (Iulia Andriichuk blei kåra til banens beste i kampen mot Nordstrand førre helg) (Foto: Jon Forberg)

 

For meir info:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball TrenerTel: +47 90234229
 
Publisert 11. november 2021