Laurdag 12. mars var det mykje Volda-blått å sjå i Sykkylven på miniturnering. Både jenter og gutar frå årgangane 2013 og 2014 var med, og då var det kjekt å heie på kvarandre mellom kampane.

Flott fellesskap på og utanfor bana, mykje entusiasme og skikkeleg kjekke kampar! Alle spelarane fekk medalje for innsatsen.