Mot Elnesvågen som låg på topp av tabellen fekk jentene ein kanonstart og sette standarden i forsvar. Heilt klart årsbeste i den delen av spelet, der dei jobba veldig godt saman.

Fart i ballen ga mange gode sjansar og fine mål. 20-9 vart resultatet til slutt, og vitnar om eit lag som ikkje gir opp, kjempar og spelar kvarandre gode!

Med ein tøff kamp i beina var Rival neste utfordring. Det var første gang laga møtte kvarandre, og dei følgde kvarandre tett heile vegen.  Det smakar ekstra godt å vinne slike oppgjer! Kampen enda 20-18, og vi trenarane er superstolte av innsatsen til kvar og ein.

Vi gler oss til sesongavslutning mot Rival og Molde neste helg!