No flyttar Ingrun til Volda, og blir ein del av ein sterk keepertrio saman med med Hilde og Hante i eliteserien. Halli er veldig glad for at Ingrun vel å satse videre med oss dei neste åra:

- Vi har stor tru på at Ingrun kjem til med å utvikle seg fort med så flotte keeperar som Hante og Hilde ved sidan av seg. Ingrun har gjort eit sympatisk inntrykk, og vi trur ho vil passe godt inn i laget. Det er stort steg for ho å ta fra 3. divisjon og opp i Eliteserien, men Ingrun har ambisjonar og vi har trua på at ho kjem til med å lukkast på sikt. Vi er veldig glade for at Volda som klubb er så attraktive at unge spelarar som ser på oss som et godt stad til utvikling.

 

(Foto øvst: NTG Kongsvinger håndball, foto nedst: Mari Vattøy)

 

For meir info:

Halldór Stefán Haraldsson

Volda Handball
Hovudtrenar
Tel: +47 90234229

 

Publisert 4. mai 2022