Volda handball vil rette ein stor takk til Adine, Andrea, Bintou, Hilde Sofie, Kristin, Madelen, Maria og Thale for alt de har gjort for klubben vår, både som spelarar og forbilde for våre mange unge. Hugs, de er alltid velkomne tilbake!

 

 

Adine Andreassen

Adine kom til oss før denne sesongen frå Godøy, og har hatt en flott utvikling i år. Ho har vist seg som eit stort handballtalent med mange flotte prestasjonar på rekruttlaget vårt. Adine spelte 9 seriekampar for fyrstelaget i år. Adine har spissferdigheiter som vi trur ho kan utvikle vidare og bli ei veldig god spelar i framtida.  Ein lokal spelar og flott menneske som tok steget til oss for å satse på handballen, og det skal ho skal fortsette det neste sesong i kombinasjon med studiar i ein ny by. Vi ønsker Adine lykke til vidare og håper vi ein gong i framtida får sjå henne igjen i Voldadrakt! 

 

 

 

 

Andrea Jenset

Midsundjenta Andrea kom til Volda frå Molde før sesongen 2020-2021, kun 17 år gamal. Ho har spelt to sesongar på fyrstelaget, og har hatt ei viktig rolle og flott utvikling gjennom desse åra. Andrea er ei treningsvillig og glad jente som har passa godt inn i treningsmiljøet på laget. På dei to åra i Volda spelte ho 21 seriekampar for fyrstelaget og scora 19 mål. Vi ønsker Andrea lykke til med nye utfordringar, og håper at ho kan tenke seg tilbake til Sunnmøre om nokre år!  

 

 

 

Bintou Cissokho Bjørkedal

Bintou har alltid vore i klubben og har vore ein del av fyrstelaget dei siste to sesongane. Ho har spelt 31 seriekampar for Volda, og spesielt i år var ho en viktig brikke i eit flott keeperteam saman med Hante Hamel. Bintou har hatt flott framgang dei siste åra, og har storspelt i fleire kampar denne sesongen. Det er sjølvsagt leit at ein som er oppvaksen i klubben ikke blir med oss videre i Eliteserien, men vi ønsker ho alt det beste med nye utfordringar og minner Bintou på at ho er alltid velkomen heim igjen!  

 

 

Hilde Sofie Rebbestad

Hilde Sofie skal inn til fyrstegongsteneste, og blir derfor ikkje med oss neste sesong. Hilde Sofie er opphaveleg frå Ørsta, men hadde fleire sesongar i aldersbestemte klasser som Voldaspelar før ho etter etter kvart fekk kontrakt med fyrstelaget. Ho debuterte for fyrstelaget allereie i sesongen 2019/2020. Totalt har Hilde spelt 9 kamper med fyrstelaget, men har samtidig vore ein sentral spelar for rekruttlaget dei siste åra. Vi ønsker Hilde Sofie lykke til i forsvaret neste sesong, og håper å få ho tilbake når ho er ferdig med fyrstegongstenesta!

 

Kristin Fladmark Skarbøvik

Kristin kom til Volda sommaren 2021 frå Langevåg. Ho er ein av spelarane frå området rundt Ålesund som hadde markert seg godt i fjorårets 3. divisjon. Sesongen for Kristin blei dessverre noko prega av sjukdom og skadar, men ho fekk med seg 6 kamper med fyrstelaget vårt. Kristin er ei blid og positiv jente som vi ønsker lykke til på reisa videre, og er som alle andre velkomen tilbake når ho vender heim igjen!

 

 

 

Madelen Roald Wiig

Madelen vender tilbake til Godøy etter ein sesong i Volda der ho har vore ei viktig brikke på fyrstelaget. Ho hadde ei stor rolle å fylle i starten av sesongen då Marte Nornes var ute med skader. Det er ikkje lett for ein så ung spelar å ta eit så stort steg som Madelen gjorde i år, frå spel i 3. divisjon til å starte dei fyrste seriekampane i 1. divisjon berre på nokre månadar. Det klarte ho svært bra, og sjølv om ho i løpet av sesongen var noko  plaga av småskader står Madelen igjen med 15 seriekampar, 9 mål og uttallige målgjevande. Vi er veldig stolte over å ha hatt ein lokal spelar som Madelen på laget denne sesongen, og ho er alltid velkomen tilbake til Volda!

 

 

 

Maria Ulla

Maria flytter til Valderøya etter mange år i Volda. Maria har vore viktig for klubben i mange år, og debuterte på fyrstelaget i 2014/2015 sesongen der ho scora 34 mål på 22 kampar. Ho har vore viktig med si erfaring dei siste sesongane, og har vist at det går an å kombinere jobb, familieliv og topphandball. Maria avsluttar si karriere i Volda Handball som den tredje mest scorande gjennom tidene og på fjerdeplass i klubben når det gjeld seriekampar. Vi er ein stor takk skuldig til Maria for 126 seriekampar og 276 mål over ein periode på 8 år!

 

 

 

Thale Sandanger Veddegjerde

Thale kom til oss frå Hødd som svært ung. Det starta med hospitering på nokre treningar, men nokså raskt spelte ho sin fyrste seriekamp for fyrstelaget i sesongen 2018-2019, då kun 17 år gamal. Thale har vore ein viktig del av fyrstelaget i klubben i årets sesong, og har i fleire år vore ei sentral brikke på rekruttlaget vårt. Thale er ei positiv og blid jente som vi har hatt glede av å ha hos oss i fleire år. Thale spelte 15 seriekampar for fyrstelaget vårt og scora 2 mål. Vi ønsker Thale alt det beste på vegen vidare, og ser fram til å sjå ho i Volda igjen når ho  ein dag flytter tilbake til Sunnmøre! 

 

 

Publisert 11. mai 2022