- Klubben gjorde ein grundig jobb før vi signerte Jelena, fortel Halli. - Vi har sett mange kampar med ho på video, snakka med folk som kjenner ho, og for to veker sidan var Jelena og prøvespelte i Volda. Sjøl om vi vurderte nokre andre alternativ, var det ingen tvil om at vi ønska å signere Jelena etter at ho hadde vore hos oss. Ho er sjølvsagt ein god handballspelar, men ho er også veldig open og enkel å prate med. Eg trur ho kjem til å passe veldig godt inn i spelarstallen vår. Ho har bra fart i beina, og kan halde eit svært høgt tempo både i etablert angrep og ankomstfasen. Derfor trur eg at Jelena kjem til å passe godt inn i den spelestilen vi ønsker å vise neste sesong.
 
- Jelena har med seg mykje god erfaring, og har spelt mange år i den heimlege ligaen med titlar på øvste nivå. Ho har også spelt fleire sesongar i Challenge cup (3. øverst nivå i europaspel) der laget hennar gjekk til semifinalen i sesongen 19/20. I tillegg har ho vore ein del av det serbiske landslaget.- Eg er veldig fornøgd med at klubben klarte å signere Jelena, og føler at denne signeringa styrker laget betydelig framfor neste sesong.Jelena vil vere på plass i Volda saman med resten av gjengen ved oppkjøringsstart i juli.
 
 
 
(Foto: European Handball Federation)
 
 
For meir info:
 
Halldór Stefán Haraldsson
Volda Handball HovudtrenarTel: +47 90234229
 
Publisert 26. mai 2022