Kva er din reaksjon Vipers sin seier i Champions League, Halli?
Det blir ein del utskiftingar på Vipers framfor neste sesong, trur du laget vil halde det same høge nivået framover?
- Det blir alltid nokre utskiftingar på eit lag frå sesong til sesong, men Vipers har tidlegare vist at dei klarer å erstatte dei som forlet klubben på ein svært god måte. Vipers er det beste laget i verda akkurat no, og med nye toppspelarar på veg inn tyder alt på at dei blir like tøffe å møte neste sesong også.
Kva er dine forventningar til at Volda skal få ta imot dette storlaget på treningsleir?
- Det blir utruleg lærerikt for oss å sjå måten dei jobbar på, og ikkje minst inspirerande for alle unge spelarar i Volda og nærområdet. Det er ikkje ofte ein har lyst på at sommarferien skal bli over så fort som muleg!
Publisert 8. juni 2022