Volda handball startar opp trening for jenter og gutar fødde 2016 til hausten. Treningstida vert onsdagar klokka 18.00

For dei som har lyst å prøve seg litt allereie er det sett opp ei prøvetrening måndag 20. juni klokka 17. Det hadde vore veldig kjekt om så mange skulestartarar som mogleg vil kome og prøve seg litt med ball i den fine hallen vår!

Det vert leik og moro med ball. Hugs å ta med innesko og drikkeflaske.Ta gjerne med ein ven som også har lyst til å prøve seg på handball. 

Vi gler oss!