- Det er kjekt når dei lokale kjem tilbake til oss, fortel Halli. - Helga har spelt 20 kamper med fyrstelaget til Volda Handball, og endå fleire kampar på rekruttlaget. Ho var ei veldig viktig brikke i det laget som vann 3. divisjon for tre sesongar sidan. Ho er ein leiartype og har tidlegare hatt kapteinsrolla på rekruttlaget. Dei som har fylgt med Helga veit at ho både kan løyse back- og strekposisjonen i angrep. Ho er også ein god 3-ar og 2-ar i forsvar. For ein trener er det viktig å ha spelarar som kan brukast på fleire posisjoner.

- Vi er veldig glade for at Helga har valt Volda Handball når ho flyttar tilbake heim til Sunnmøre!

 

For meir info:

Halldór Stefán Haraldsson
Volda Handball
Hovudtrenar
Tel: +47 90234229

 

Publisert 24. juni 2022