Kva veit du om Volda HK?
 
- Eg kjenner godt til Volda HK sine resultat, og kva dei har levert på banen dei siste åra. Førebels har det ikkje vore nødvendig å sette seg så godt inn i spelet og enkeltspelarar, men det vil sjølvsagt bli forandra no som laget har rykka opp. Så både eg og resten av Vipers skal vere godt førebudde når det blir teljande kampar.
 
 
Kva veit du om staden Volda?
 
- Eg har såvidt vore innom kommunen Volda, men berre på gjennomkøyring. Sidan eg er svært glad i fjord og fjell gledar eg meg til å bli litt betre kjent. Eg kjenner jo mange som har hatt sin medieutdanning i Volda.
 
 
Kva forventningar har du til Handballveka i Volda?
 
- Vi gleder oss til å kome ei veke til Volda, og til å møte både store og små handballinteresserte. Etter eit par år med corona og treningsleir heime, skal det blir godt å røre litt på seg igjen. Vi har etter kvart fått ein god del utanlandske spelar i Vipers, og eg er sikker på at dei kjem til å sette stor pris på å sjå den fine naturen i området.
 
 
Korleis blir oppkøyringa fram mot sesongstart for Vipers?
 
- Vi kjem til å spele 5-6 kampar i oppkøyringa til seriestart. Det er ein del nye spelarar som skal inn i laget. Vi brukar tida på trening, kulturbygging, og til å ble godt kjent med kvarandre. I oppkøyringa spelar vi berre mot norske lag, sjølv om vi skal ut i Champions League allereie 10. september. Vi reknarr med at det internasjonale nivået vil «sette» seg i laget i løpet av september. 
 
 
Marta Tomac kom til Vipers for 8 år sidan, og har vore med på heile ferda mot toppen. Vipers har no ni nasjonalitetar representert i laget. Av desse er fleire nye spelarar før denne sesongen, mellom anna Anna Vyakhireva og Jamina Roberts.(Foto: «S & B-N»)

 

 

(Foto øvst: Jon Forberg)

 

Publisert 31. juli 2022