- Eg vil rette ein stor takk til våre fantastiske naboar i Stryn handball, seier hovudtrenar Halldor Stefan Haraldsson. Han fortel om ein strålande dag med mange flotte, unge spelarar frå regionen vår på plass på handballskule.

- Det var mykje fokus på leik med ball i starten av økta, og så øvde vi meir på teknikk i finter og skot i del to, oppsummerer han dagen - som ikkje berre var gøy for dei yngste: - Det er kjekt og inspirerande for oss å kunne ta del i eit slikt samarbeid og utviklingsarbeid, seier islendingen. 

Han fekk også bryne spelarane sine på eit treningsoppgjer mot Charlottenlund. Det vart siger 33-21. No ventar Vipers på heimebane neste veke, og Haraldsson håper å sjå att mange kjente fjes frå Stryn i Volda Campus Sparebank1 Arena i "handballveka". 

- Vi takkar alle som deltok på handballskule og kom på treningskampen, og håper å sjå så mange som mogleg i Volda neste veke! 

Foto: Cecilie Åmås

PS! Du ser Volda - Vipers og kan få med deg eit inspirerande foredrag i forkant av kampane måndag 8. august og onsdag 10. august. Løyser du billett til måndagskampen kan du kome inn gratis (mot å vise måndagsbilletten) på onsdag, for ei dobbel dose deilig handball!