- No er det siste kamp før jul og jentene er spente på å spille, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson.

Volda-damene har hatt ein strålande haustsesong, står utan tap, og kan med ein ny triumf ta juleferie ubesigra hvis trondheimslaget Sverresborg vert slått i Voldahallen sundag 15.30.

Sverresborg ligg nede på niandeplass på tabellen, men har berre spelt sju kampar. Difor er det noko usikkert kor sterkt lag som kjem til Volda.

Sjekk tabellen: Volda ligg på andreplass

Gode enkeltspelarar

Slik vurderer Haraldsson motstandaren denne helga:

- Dei starta serien litt dårleg, men har kome tilbake og blant anna slått Utleira med to mål på heimebane, påpeikar Halldór.

- Vi veit å det er stor forskjell på laga på tabellen, men Sverresborg har fine bakspelarar og har to sterke vingspelarar. Dei varierer mykje mellom kampane sine, så vi må være skjerpa og fullt fokuserte på sundag for å kunne ta to poeng, seier han.

Legg vekt på forsvaret

I Volda-leiren på si side, vert det meldt om gode prestasjonar på trening den siste tida.

- Alle er skadefrie og vi har hatt ei utruleg god treningsveke, så eg tippar på at vi er klare i den kampen. Alle vil gå inn i juleferien med siger, seier Halldór.

- Det viktigaste for oss i kampen mot Sverresborg er å spele godt forsvarsspel. Då kjem vi til med kontringane våre og kan score enkle mål. Vi har også øvd på ein del fleire løysingar i angrep, for å vere betre førebudd i angrep, røper trenaren.

Kom i hallen på sundag og støtt laget i årets siste kamp i 2.divisjon! Kampen startar kl 15.30!