Både veka før og natta før kampen mot bergenslaget Gneist var av det røffe slaget. Likevel kapra Volda alle poenga med seg heim til Volda. Dermed heng laget med i toppen av førstedivisjon.

Sjå bileta frå kampen i bildeserien over!

- I dag var dei to poenga det viktigaste, synest eg. Vi hadde ei veldig tung veke med sjukdom før kampen, og det var få spelarar på trening.

- I tillegg til dette fekk ingen sove i natt på grunn av storfest på hotellet. Bråket varte til klokka 03 og etter det var det fest på fleire rom som gjorde at ein stor del av spelarane nesten ikkje fekk sove i det heile tatt, seier Halldór Stefán Haraldsson frå bussen på veg heim.

På same måte som nattesøvnen, var også sjølve kampen av det tunge slaget.

Hilde stengde buret

- Kampen sjølv var tung. Vi spelte fantastisk i forsvar og Hilde sto bra bak forsvaret, men vi sleit mykje i angrep og verka kraftlause i angrepsspelet, meiner Halldór.

- Det som var bra, var at vi kontrollerte heile kampen og vinn til slutt ein veldig viktig og god siger med fire mål på ein vanskeleg bortebane, oppsummerer han.

Det var jamnt i målprotokollen heilt til det nærma seg pause i Sandsllihallen. Dei siste fem minutta av omgangen drog imidlertid Volda ifrå frå stillinga 7-7 til 7-10 då fløyta gjekk til pause. Mål av Elin Sætre, Marte Nornes på straffe og Lone Vik gav Volda ei lita luke.

Kontrollerte stor del av kampen

I andre omgang var Volda oppe i ei femmålsleiing, og Gneist klarte aldri å ta att forspranget. Til slutt trygga damene våre nye to poeng med ein fin firemålssiger i Bergen.

Volda vann skotstatistikken med to forsøk meir enn Gneist, samstundes som dei vann med fire mål. Det seier noko om at voldadamene var meir effektive enn heimelaget sine spelarar. 

Volda har framleis grep om kvalikplassen til eliteserien (!) og held Follo bak seg på tabellen. Laget er no oppe i 11 poeng, og har fem poeng opp til målsettinga si om 16 poeng i førstedivisjon.

Her kan du sjekke tabellen

Kampfakta:

Gneist - Volda 18-22 (7-10)

Volda:
Hilde Søyseth, Aurelia Ose, Kine Kvalsund 1, Fride Støylen 3, Marte L. Nornes 5, Hanna Ræstad 2, Pernille H. Ingebrigtsen 3, Elin Sætre 1, Lone Vik 2, Maria Ulla 3, Thea I. Sturludottir, Aleksandra Zimny 2.

Toppscorer Gneist:
E. Moen 4 mål

Utvisningar:
Gneist: 3 x 2 min.
Volda: 1 x 2 min.