(AKER - VOLDA 28-25): Etter ein sterk førsteomgang, låg mykje til rette for nok ein god borteprestasjon. At Aker til slutt drog sigeren i land, skuggar ikkje for det faktum at Volda igjen viste at dei har mykje å bidra med i divisjonen.
 
– Vi åpnar kampen veldig bra og speler periodevis veldig bra i første omgang. Mi oppleving frå benken var at vi hadde full kontroll på kampen og styrte tempoet, seier trenar Halldór Stefán Haraldson til voldahandball.no.
 
Mange spelarar leverte bra prestasjonar ute på bana.
 
– På stillinga 11-15 synest eg at vi hadde sjansen til å gå inn i pausa med 6-8-måls leiing, men ein vanskeleg periode i slutten av førsteomgang der vi er ein mindre på bana, gjer at Aker kjem seg inn i kampen att og tar ein eittmåls-leiing til pause.
 
 
– I andreomgang synest eg at vi var på jakt i heile omgangen. Aker hadde kontrollen og veldig ofte kom vi oss i situasjonar der vi kunne ha kome oss i leiinga igjen, men dårlege val og tekniske feil gjer tinga vanskelege.
 
Likevel er tenaren særs nøgd med innsatsen til spelarane.
 
– Ja, eg må sei at eg er ekstremt nøgd med jentene. Vi jobbar med ein del på treningane som vi ser av og til i kampane, men det vi må jobbe med framover er stabilitet inn på bana. At vi klarer å spele jamnt i 60 minutt. Det handlar rett og slett om erfaring og det er akkurat i slike kampar som dette at jentene får erfaring frå dette nivået.
 
Kampfakta:

AKER - VOLDA  28-25 (16-15)

Volda:
Hilde Søyseth, Auria Ose, Fride Stølen 2, Ingrid Rye 5, Marte Nornes 4, Hanna Ræstad, Pernille Ingebrigtsen 2, Elin Sætre, Lone Vik 1, Maria Ulla 3, Thea Sturludottir 4 og Aleksandra Zimny 4.
 
Toppscorar Aker:
Marielle Martinsen, 8 mål
 
Utvisingar:
Aker: 3x2 min.
Volda: 4x2 min.
 
Sjekk tabellen her