17-åringen Thale (til høgre) kom inn og fekk sine første minutt som Volda-spelar i storsigeren mot Viking søndag, og klarte seg fint mot slutten av kampen. Ho var nær nettkjenning frå sin plass på høgrekanten.

Les kva Vikebladet Vestposten skriv om debuten her.

Også Ida Karlsen (19) frå Midsund var i troppen mot Viking, og vil fort få sine første minutt for Volda i vekene som kjem.

Etter å ha trent seg opp att etter ein skade dei siste 15 månadene, er ho no klar for innhopp.

Les kva lokalavisa skriv om henne her.

Volda har i dag eit ungt lag, med ei rekkje lokale spelarar frå Nordvestlandet i stallen. Det lovar godt for framtida for handballen på Sunnmøre og Nordfjord. Med eit snitt på rundt 20 år, klarer Volda å kjempe i toppen av førstedivisjon, og det med stort sett lokale spelarar, med unntak av Thea og Aleksandra.