Du treng ikkje spele handball til vanleg for å vere med. Det blir lagt opp til eit variert opplegg, der borna i tillegg til handball får ta del i aktivitetar som turnøvingar, leik, bading i symjehallen, samt sykkel- og fotturar. Vi ynskjer å legge til rette for positive opplevingar, både sosialt og sportsleg. Ein kan gjerne ta med seg frukost, då det vert lagt opp til å ete i fellesskap kl 08.00.

Ein kan melde seg på dei dagane det passar. Bindande påmelding og betalingsfrist måndag 12.februar.

Påmelding eller spørsmål på e-post til trinebakke@ymail.com

Les meir..