Om ein berre gløttar på tabellen, kan ein kanskje få inntrykk av at Volda er store favorittar onsdag ettermiddag. Volda snuser på kvalikplass med sin fjerdeplass i førstedivisjon, medan Stabæk ligg nedst med fattige eitt poeng.

Men den tabellen lyg ein god del.

– Stabæk er ein farleg motstandar, dei har spelt to gode kampar i det siste. Dei scora mange mål i tapet mot Charlottenlund i Trondheim og tok poeng mot Førde i siste kamp, påpeikar trenar Halldór Stefán Haraldsson.

Thea og Alexandra på reise

Bærumslaget sett inn mange mål på bortebane. Sjølv om dei tapte mot Charlottenlund, scora dei heile 31 mål borte. Også mot Follo sette dei inn pene 26 mål på bortebane.

– Det er klart at vi må gi alt vi har for å slå Stabæk på onsdag. I tillegg så har vi vore veldig redusert på trening i det siste. Med to spelarar på landslagssamling får vi berre fire treningar i lag før denne kampen. Det blir difor mykje fokus på samspel og å komme i gang att no på dei siste treningane før kampen, seier Halldór.

– Korleis skal de slå Stabæk?

– Dei har fine skyttarar som vi må greie å stogge. Dei kan også kome med forskjellige typar forsvarsspel: 3-3, 4-2 og 6-0. Så vi må vere godt budd for alt som kan kome.

Treng hjelp frå deg

Ikje minst vil damene ha all mogeleg hjelp frå det kjære heimepublikummet sitt.

– Vi håpar at publikum stiller opp på onsdag og gir oss den hjelpa vi treng for å ta poeng og kapre 3.plassen i jula, seier Halldór.

NB! Kampen går i Voldahallen onsdag kl 18.00. Riv deg laus frå julestria og få med deg årets siste kamp i hallen!

Sjekk tabellen her

12/10/2018