37 mål på bortebane er sterkt, og med det tok laget tilbake kvalikplassen i førstedivisjon. Kaptein Kine Kvalsund og Maria Ulla vart toppscorarar med seks mål kvar.
Sjå bildeserie frå Trondheim over!
– Vi diskuterte litt i pausa at vi måtte vere raskare tilbake i returløpa og stå tettare i forsvar. I andre omgang startar vi best og kjem inn i kampen med enorm fart framover.
– Vi tar fort leiinga i kampen og ledar med fire til seks mål ut omgangen.
– Korleis vurderer du denne bortesigeren?
– Det er ein sterk siger mot eit bra lag. Det er altid vanskeleg å spele første kamp etter nyttår og sjølv om vi brukte første omgang til å finne rytmen, så scorar vi heile 37 mål i kampen. Det synest eg er veldig bra. Det er ein nøgd gjeng som er på veg heim til Volda frå Trondheim, seier Haraldsson søndag ettermiddag.
Med sigeren har damene nådd målsetjinga det satte seg før sesongen om å nå 16 poeng. Laget ligg no på tredjeplass i førstedivisjon med 17 poeng, og har med det grep om kvalikplassen på tabellen så langt.
Neste seriekamp er borte mot Førde søndag 13. januar.
Kampfakta:
CHARLOTTENLUND - VOLDA 33-37 (16-16)
VOLDA:
H. Søyseth, A. Ose 2, K. Kvalsund 6, F. Stølen 1, I. Rye 5, M. Nornes 3, H. Ræstad 1, P. Ingebrigtsen, I. Karlsen, E. Sætre 2, L. Vik 2, M. Ulla 6, T. Sturludottir 5 og A. Zimny 4.
Toppscorar CSK:
V. Bækken 12 mål
Utvisingar:
CSK 5x2 min
Volda 2x2 min